Velkommen
Velkomen til heimesidene våre. Vi ønskjer å gjere kontakta med oss så enkel som råd.
Når du ringer er det viktig at du fortel legesekretærane våre kva det gjeld. Dei kan ofte hjelpe deg, og dei må også prioritere kva telefonar legane må ta. Som oftast vil legen ringe deg tilbake mellom to konsultasjonar, rundt lunsj eller mot slutten av arbeidsdagen.
Det er stor trafikk på sentralbordet vårt og derfor av og til ein del ventetid. Dersom det er samtalar som hastar svært mykje, så kan du ringe legevaktsentralen 70013113. Dei har ei direkte linje inn til oss.
Du kan også bestille time, fornye reseptar og liknande via SMS. Sjå ramma til høgre.
Viktig informasjon
3. mai 2012 kl. 09:16
Wenche Selvåg Frøystad starter som lege ved legekontoret 3. sept
Ottar Grimstad skal gå over i heil stilling som sjukeheimslege og kommuneoverlege, og slutter ved Hareid legekontor når han starter ferie 30. juli i år.
Wenche Selvåg Frøystad overtar ansvaret for pasientane hans. Ho er no turnuslege i Herøy, og starter på Hareid legesenter mandag 3. september. I første omgang er ho tilsett i eit vikariat fram til 1. februar mens stillinga blir lyst ut for fast tilsetting på vanleg måte.
30. mars 2012 kl. 14:11
OPNINGSTIDER I PÅSKEVEKA
Vi har ope som normalt mandag og tirsdag. Onsdag har vi ope for øyeblikkelig hjelp fram til kl. 12.00.
15. mars 2012 kl. 10:45
Telefonen tidvis ute av drift i dag også
Vi har også i dag problem ustabilt telefonnett.
13. mars 2012 kl. 08:25
Telefontrøbbel igjen!!
Telefonlinjene inn til legesenteret er no ca kl 1030 oppe å går som normalt igjen etter eit brudd på telenor sin kabel.
15. oktober 2011 kl. 11:53
INFLUENSAVAKSINERING 19. OG 26. OKTOBER 2011
Det blir vaksinering for sesonginfluensa som bruker kome kvar vinter, på Hadartun onsdag 19. oktober og onsdag 26. oktober kl. 09.00 - 11.30
Målgruppa for denne vaksinen er pasientar med :
- alvorlege luftveissjukdommar, særleg dei som har nedsett lungefunksjon
- kronisk hjerte- karsjukdom, spesielt dei som har alvorleg hjertesvikt
- nedsatt forsvar mot infeksjonssjukdommar sukkersjuke eller annan stoffskiftesjukdom
- andre personar over 65 år
Nye målgrupper for influensavaksinering
Det influensaviruset som er venta til Norge i vinter, har vore i aktivitet på den sørlege halvkule no i sommar. Ut frå røynslene frå denne epidemien, har Folkehelseinstituttet kome med ei tilråding om at følgande grupper også bør vaksinere seg mot influensa:
- Gravide i 2. og 3. trimester
- Gravide i første trimester med andre risikofaktorar etter konferanse med lege.
- Vaksne og barn med -
- Kronisk leversvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
- Uttalt overvekt (BMI >40)
Vaksina kostar kr.100,-.
Saniteten er tilstades og serverer kaffi og kaker.
Hareid legesenter
7. oktober 2011 kl. 08:30
Feil på telefon
Det er i dag feil på telefonlinjene inn til legekontoret. Det er meldt til feilmeldinga. Du kan møte opp direkte på kontoret, bruke mobiltelefon 97532996 eller via sentralbordet til hareid kommune 70095000.
27. juli 2011 kl. 10:08
Tragediene i Oslo og på Utøya
Helsestyresmaktene har laga ei nettside med råd om korleis ein kan handtere sorg og reaksjonar, og korleis ein kan snakke med barn om dette.
7. oktober 2010 kl. 09:21
Nye målgrupper for influensavaksinering
Det influensaviruset som er venta til Norge i vinter, har vore i aktivitet på den sørlege halvkule no i sommar. Ut frå røynslene frå denne epidemien, har Folkehelseinstituttet kome med ei tilråding om at følgande grupper også bør vaksinere seg mot influensa:
· Gravide i 2. og 3. trimester
· Gravide i første trimester med andre risikofaktorar etter konferanse med lege
· Vaksne og barn med
o Kronisk leversvikt
o Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
o Uttalt overvekt (BMI >40)
Hareid legekontor arrangerer vaksinasjon i eldresenteret på Hadartun torsdag 21. oktober 9-12
Personar som høyrer til dei vanlege risikogruppene, men ikkje fekk tatt vaksina i førre runde 30/-1/10, bør også ta vaksina no. Dette gjeld
· Alle som er 65 å eller eldre
· Vaksne og barn med
o Alvorlege luftveissjukdommar, særleg dei som har nedsett luingekapasitet
o Kroniske hjerte/karsjukdommar, særleg dei som har hjertesvikt
o Nedsatt immunforsvar
o Diabetes mellitus
o Kronisk nyresvikt
Vaksinen koster 100 kroner. Det er ikkje timebestilling.
Ottar Grimstad | Kommuneoverlege”
21. juli 2009 kl. 10:38
Svineinfluensa
Dei som mistenker at dei kan ha svineinfluensa skal ta kontakt med kontoret over telefon for å gjere nærare avtale. Det er ikkje ønskeleg at dei sit på venteromet i lag med andre pasientar. Det blir ikkje tatt prøver til testing av friske personar, og det er heller ikkje nødvendig å teste alle som har ein sikker diagnose. Mykje behandling og råd kan avklarast over telefon.
16. april 2009 kl. 18:18
Nattlegevakta åpner
16. april 2009 åpner nattlegevakta i Volda. Vakta dekker tidsromet 22 - 08 alle netter, og har lokaler i mottaksavdelinga ved Volda sjukehus. Fram til klokka 22 er det vaktsamarbeid mellom Hareid og Ulstein som tidlegare. Legevakttelefonen er 70013113 både kveld og natt. Også om natta bør ein ringe legevakttelefonen først og ikkje møte direkte fram i vaktlokala.