Øyeblikkelig hjelp og legevakt
Ved svært alvorleg sjukdom eller skade der det HASTAR STERKT å kome i kontakt med lege eller ambulanse, skal ein nytte telefon 113 heile døgnet.
Alle legane har satt av tid til øyeblikkelig hjelp kvar dag. I første omgang prøver vi at ein får kome til fastlegen sin dersom denne har kontordag, men når kapasiteten der er oppbrukt må ein bruke den legen som er ledig. Det er størst sjanse for å få tid hos eigen lege om ein tar kontakt tidleg.
Legevakta er i samarbeid med Ulstein ettermiddag og kveld og i samarbeid med Ørsta og Volda i tillegg om natta.
Legevakta i Hareid og Ulstein har ikkje fast base men bruker kontoret til den legen som har vakt. Den dekker tidsromet 15 - 22 på kvardagar og 08 - 22 laurdagar og søndagar. Laurdagar klokka 11 - 13 er den legen som har vakt,på kontoret sitt for øyeblikkeleg hjelp. Dette er før apoteket stenger dersom det er behov for medisin. I denne perioden har legen hjelpepersonell. Vi ber derfor om at nytter denne tida og ikkje venter til litt lenger ut på dagen dersom ein veit at ein i alle fall må til lege.
Nattlegevakta dekker tidsromet frå 22 til 08 og har lokaler ved Volda sjukehus.
Både om kvelden og natta skal ein først kontakte legevakta på telefon. Legevaktsentralen 70013113 formidlar kontakt til vakthavande lege.